EWian sin hjemmeside

Alt går, enten går det bra eller så går det over.

Mellom bakkar og berg utmed havet

heve nordmannen fenge sin heim,

der han sjølv heve tuftene grave

og sett sjølv sine hus oppå deim.

 

Han såg ut på dei steinute strender;

der var ingen som der hadde bygd.

"Lat oss rydja og byggja oss grender,

og så eiga me rudningen trygt."

 

Han såg ut på det bårute havet;

der var ruskut å leggja utpå;

men der leikade fisk nedi kavet,

og den leiken den ville han sjå.

 

Fram på vinteren stundom han tenkte:

Gjev eg var i eit varmare land!

Men når vårsol i bakkane blenkte,

fekk han hug til sin heimlege strand.

 

Og når liane grønskar som hager,

når det lavar av blomar på strå,

og når netter er ljose som dagar,

kan han ingen stad venare sjå.

T: Ivar Aasen M: Ludvig M. Lindeman

Mellom bakkar og berg