
|
EWian sin hjemmeside |
|
Alt går, enten går det bra eller så går det over. |
|
Blåbærli Nei, sjå kor det blånar her! No må me ora oss, kyra! Å nei, slike fine bær, og dei som det berre kryr a'! Nei, maken hev eg’ kje sett! Sumt godt her er då til fjells. No vil eg eta meg mett; her vil me vera til kvelds!
Å nam-nam, so søtt og godt! Ja, når det slik seg lagar! Og allestad blått i blått! Her hev eg for mange dagar, Slik smak så frisk og fin! Eg er som på kongens slott. D'er pent som den beste vin; å nam-nam, so søtt og godt!
Men kom no den bjøren stor! - Her fekk bli rom åt oss båe. Eg torde ’kje segja eit ord til slik ein rysjeleg våe. Eg sa berre: ver so god no må du ’kje vera bljug! Eg læt deg so vel i ro; tak for deg etter din hug.
Men var det den reven raud, so skull' han få smaka staven; eg skulle banka han daud, om so han var bror til paven. Slik skarve, harmelegt sleng! Han stel både kje og lam. Men endå so fin han gjeng og hev korkje agg ell’ skam.
Men var det den stygge skrubb, så arg og så hol som futen, eg tok meg ein bjørkekubb og gav han ein god på snuten. Han reiv sund sauer og lam, for mor mi så trått og tidt; ja sant! om han berre kom, så skull' han så visst få sitt.
Men var det den snille gut der borte frå Skare-brótet, han fekk vel ein på sin trut, - men helst på ein annan måte. Å tøv, kva tenkjer eg på! Det lid nok på dagen alt. Eg må til buskapen sjå; - ho Dokka drøymer om salt. T: Arne Garborg M: Edvard Grieg. |